Val til arbeidsutvalet 2025
Tida er komen for nytt val til arbeidsutvalet i Velferdstinget Vest. Vi søkjer kandidatar til leiar og nestleiar i 100% stilling samt leiar av Kulturstyret i Bergen i 35% stilling. Arbeidsutvalet har ansvaret for den daglege drifta av Velferdstinget Vest og arbeider med å fremme studentvelferden opp mot Studentsamskipnaden Sammen, vertskommunene, fylkeskommunen og andre relevante aktørar.
Som medlem av arbeidsutvalet til Velferdstinget Vest er du tillitsvald for om lag 50 000 studentar på Vestlandet. Arbeidsutvalet har virkeperiode fra 1. juli 2025 til 31. juni 2026. Vervene er honorert og har kontorplass i Bergen. Det finst gode ordningar for permisjon frå studiet og sletting av renter frå lånekassen. Meir informasjon om kvart enkelt verv står lengre nede.
Ta kontkakt på lars.jacov@vtvest.no dersom du har spørsmål til verv eller valprosess, eller dersom du ønskjer å ta ein samtale om vervet med den som har det i dag. Alle henvendingar behandlast konfidensielt.
Leiar av Velfedstinget Vest
Leiar representerer Velferdstinget Vest utad og har eit overordna ansvar for det politiske arbeidet. Det er også leiar som har det øvste ansvaret for arbeidsmiljø og økonomi. Leiar har medieansvar og som hovudregel er det leiar som kjem med utalingar i media.
Nestleiar av Velferdstinget Vest
Nestleiar har hovudansvar for intern drift og oppfølging av interne organ og medlem. Nestleiar har ofte hovudansvar for møtegjennomføring og politisk arbeid i region nord og sør. Nestleiar er stedfortreder for leiar ved behov.
Leiar av Kulturstyret i Bergen
Det meste av arbeidet til tredje medlem av arbeidsutvalet er knytt til Kulturstyret. Kulturstyret arbeider for å styrke studentkulturen og -frivilligheita gjennom mellom anna kurs, økonomisk støtte og tilgang på lokaler. Leiar av kulturstyret har anasvar for å kalle inn til og lede møten i Kulturstyret samt å sende svarbrev til søkarorganisasjonar.
Øvrige ansvarsområder og politisk arbeid fordelast internt i arbeidsutvalet enten ved oppstart eller undervegs frå sak til sak.
I tilleg til kulturstyre delen kan tredje AU medlem bistå i anna politisk arbeid dersom det er kapasitet. Særleg når det gjeld saker som angår studentfrivilligheita.
