Velferdspolitisk plattform

1 Helse
1.1 Generelt
1.2 Fysisk Helse
1.3 Psykisk Helse
1.4 Seksuell Helse
1.5 Rus- og avhengigheitsproblematikk

2 Bolig
2.1 Generelt
2.2 Strategiske og økonomiske rammer
2.3 Utforming og kvalitet
2.4 Drift og husleige

3 Studentøkonomi 

4 Klima

5 Mobilitet
5.1 Generelt
5.2 Kollektivtransport
5.3 Mikromobilitet

6 Studentfrivilligheit
6.1 Generelt
6.2 Areal
6.3 Organisasjonsstøtte

7 Karriereveiledning

8 Barnehage

9 Trening

10 Mat og drikke

11 Sammen-hytta

Forklaringar og definisjonar

Velferdspolitisk plattform er eit dokument som samlar det meste av den konkrete politikken til Velferdstinget Vest. Plattformen er forankra i prinsipprogrammet, og kan ikke stride mot vedtatte prinsipp.I tillegg finst det resolusjonar som supplerer politikk mellom revidering av plattformen og prinsippprogrammet som ein kan sjå til når Velferdstinget Vest ikkje har konkret politikk på eit tema. 

Politikken er strukturert punktvis for å lett kunne gi oversikt over politikken. Men det er viktig å merke seg at punkta ikkje er i prioritert rekkefølge, med mindre dette er spesifisert i punktet. Det er berre teksten i punkta som blir vedtatt av Velferdstinget Vest. Arbeidsutvalet kan opprette og fjerne kapittel og underkapittel dersom dette er hensiktsmessig, og kan flytte på punkt for å skape eit meir oversiktleg dokument. 

Definisjonar
Sammen = Studentsamskipnaden på Vestlandet.
Studentboligar = Boligar i regi av ein studentsamskipnad, fortrinnsvis Sammen.

1. Helse

1.1 Generelt

  1. Timar hos alle delar av Sammen Råd og Helse skal kunne bestillast gjennom tilgjengelege digitale løysningar.
  2. Informasjon om helsetilboda til Sammen, inkludert Helsefondet, skal vere god og lett tilgjengelig.
  3. Informasjon om helsetilbod for studentar skal generelt sett vere tilgjengeleg på både norsk og engelsk.
  4. Internasjonale studentar skal ha tilgang på alle dei same helsetilboda som studentar busett i Noreg.
  5. Det statlege velferdstilskotet må aukast.
  6. SHOT-undersøkinga skal ha gode og forutsigbare rammevilkår.
  7. Institusjonane og praksisstader skal tilrettelegge for foreldre som ammer ved å sikre tilgang på ammerom, tid til å amme, og andre relevante tiltak.

1.2 Fysisk Helse

  1. Det skal gjerast endringar i fastlegeforskrifta som tillet fastlegar å sette av heile eller delar pasientlista si til studentar.
  2. Alle Studentsamskipnader skal kunne ansette eigne fastlegar forbeholdt studentene.
  3. Alle studentar skal ha tilgang på fastlege i kommunen der dei studerer.
  4. Studentar utan fastlege ved studiestaden skal ha tilgang på legetimar ved behov.
  5. Eit fullverdig og gratis helsestasjonstilbod skal vere tilgjengeleg for alle studentar.
  6. Studentar skal ha 75% rabatt på alle former for tannhelsetjenester. Dette skal ikkje løysast gjennom refusjon.
  7. Studentrabatt skal vere tilgjengelig på synsundersøkingar.

1.3 Psykisk Helse

  1. Ventetida for time hos psykolog hos Sammen skal ikkje vere lengre enn ei veke.
  2. Studentar som tek kontakt med Sammen Psykisk Helse skal innan to virkedagar vite når dei får time.
  3. Vertskommunane skal samarbeide med Sammen for å gi studentane god tilgang på psykisk helsehjelp.
  4. Vertskommunane skal gje økonomisk støtte til Sammen Psykisk Helse.
  5. Psykologane til Sammen skal ha moglegheit til å skrive ut grøn resept på fysisk aktivitet med nødvendig tilrettelegging og veiledning

1.4 Seksuell Helse

  1. Det skal vere enkelt å teste seg for kjønnssjukdommar.
  2. Sjølvtesting av kjønnssjukdommar skal vere tilgjengeleg på campus.
  3. Studentar skal ha god tilgang på kondomar, slikkelappar og glidemiddel.
  4. Personell hos Sammen Psykisk Helse skal jamleg oppdaterast på utfordringar knytt til forskjellege seksuelle orienteringar og kjønnsutrykk.
  5. Sammen skal ha tilbod som treff og hjelp LHBTQ+-personer.
  6. Sammen skal ha tilbod som hjelp studentar utsett for uønska seksuell omgang og valdtekt.
  7. Studentar skal ha enkel tilgang til sanitetsprodukt i studiekvardagen.
  8. Saman, i samarbeid med studieinstitusjonane, skal i starten av kvart studieår ha ein  opplysningskampanje, der det opplysast om moglege varslingskanalar ved uønska seksuell merksemd og/eller valdtekt.

1.5 Rus- og avhengigheitsproblematikk

  1. Sammen skal ha kompetanse på rus- og avhengighetsproblematikk.
  2. Sammen skal ha tilbod som treff og hjelp studentar som slit med  rus- og avhengighetsproblematikk.
  3. Sammen skal ha støttegrupper for studentar som slit med rusproblematikk

2. Bolig

2.1 Generelt

  1. Det skal vere tilstrekkeleg antal studentboligar til å dekke eksisterande etterspurnad
    1. I Bergen skal dekningsgraden vere minst 30%
    2. I region nord og sør skal vidare utbygging ta utgangspunkt i lokale behov
  2. Ved behov skal det etablerast midlertidige og rimlege buløysningar for studentar som ikkje finn bolig til studiestart.
  3. Alle studentar skal ha tilgang på eit beredskapslager.

2.2 Strategiske og økonomiske rammer

  1. Tilskotsatsen for studentboligar skal vere 40% av kostnadsramma.
  2. Det skal gis tilskot for oppgradering av studentboligar.
  3. Studentsamskipnadar skal vere friteke eigedomsskatt på studentboligar.
  4. Vertskommunane skal legge til rette for raske og gode planprosessar for i studentboligprosjekt.
  5. Vertskommunane skal tilby Sammen eigna tomter til bygging av studentboligar.
  6. Når vertskommunane regulerer nye områder skal dei vurdere å regulere delar til formålet studentbolig.
  7. Ved salg av tomter eller bygg skal utdanningsinstitusjonar, statsbygg, verts- og fylkeskommunen undersøke om Sammen kan nytte dei til studentboligar.
  8. Studentboligar skal vere eit eige formål i plan- og bygningsloven.
  9. Når Sammen vurderer nye studentboligprosjekt skal: 
    1. Forespegla husleige skal vege tungt i vurdering om eit prosjekt gjennomførast
    2. Sentrum og campusnære prosjekt prioriterast
  10. Kostnadsramma for studentboligar skal regulerast i tråd med auka byggekostnadar.
  11. Sammen skal undersøke moglegheiten for midlertidige, modulære studentbyar som etablerast på tomter som står ledig over fleire år på grunn av reguleringstid, etter modell frå CPH Village. Studentar som bur i midlertidige modulære boligar skal vere garantert bolig når dei må flyttast.
  12. Velferdstinget Vest er positiv til studentboligar i samråd med eldreomsorg

2.3 Utforming og kvalitet

  1. Studentar skal vere involvert i prosessen når ein tek avgjerd om utforming og kvalitet under bygging og oppgradering av studentboligar.
  2. Utforming av studentboligar skal avhenge av kvar dei blir bygd.
  3. Studentboligar skal ha attraktive og tilstrekkelege fellesareal.
  4. Det skal finnast tilrettelagde studentboligar for studentar som har behov for det.
  5. Det skal takast hensyn til estetikk og stedstilpassing ved val av eksteriør for nye studentboligar.
  6. Studentboligar skal som hovudregel ha eige bad. Unntak kan gjerast i Bergen sentrum.
  7. I studentboligar der fleire deler kjøkken skal det vere oppvaskmaskin.
  8. Ved nybygg skal senger vere minimum 120 cm breie. Det same gjeld ved oppgardering av eksisterande senger, gitt at dette er mogleg i rommet.
  9. Det skal vere synlege førstehjelpsskrin i alle Sammens bygg.
  10. Branteppe skal vere tilgjengeleg i alle studentboligar.

2.4 Drift og husleige

  1. Husleige hos Sammen skal vere så låg som mogleg. 
  2. Husleige hos Sammen skal ligge under marknadspris i området.
  3. Sammen skal sette husleie basert på ei vektlegging mellom 
    1. Nærleik til campus og/eller sentrum 
    2. Standard 
    3. Type bolig
  4. Husleige og straum hos sammen skal justerast samla og maksimalt ein gong i året.
  5. Innvekslingsstudentar skal vere garantert bolig hos Sammen
  6. Ved tildeling skal desse gruppene prioriterast
    1. Førstegangsstuderende
    2. Studentar med nedsett funksjonsevne
    3. Studentar med barn.
  7. Studentar frå som studerer utanfor Bergen som blir valgt til fulltidsverv i VT Vest skal vere garantert bolig hos Sammen Bolig
  8. Sammen skal ha beredskapslager til å dekke alle studentar som bur i Sammen bolig.

3. Studentøkonomi

  1. Studiestøtta skal knytast til grunnbeløpet i folketrygda (G) og aukast til 1,5G.
  2. Studiestøtta skal utbetalast over 12 månadar. 
  3. Stipendandelen av studiestøtta skal vere 50%.
  4. Kulturtilbod skal ha ein studentrabatt.

4. Klima

  1. Utsleppsfrie former for personal- og varetransport skal vere hovudregel for Sammen. Nykjøp i bilparken til Sammen skal utelukkande vere utsleppsfri.
  2. Sammen skal ha klimarekneskap for heile konsernet og for kvart tenesteområde. Rekneskapen skal nyttast aktivt og vere kvantitativt nok til å kunne finne tiltak for å redusere klimaavtrykket.

5. Mobilitet

5.1 Generelt

  1. Det skal vere trygge, effektive og belyste gangmoglegheiter mellom studentboligar/studieinstitusjonar og kollektivtransport.

5.2 Kollektivtransport

  1. Det skal vere gode kollektivforbindingar mellom studieinstitusjoner, sentrum og der studentane bur. Tilbodet skal vere tilpassa studentlivet.
  2. Det skal vere utvida kollektivtilbod i fadderveka.
  3. Det skal ikkje vere aldersgrense for studentrabatt på kollektivkort.
  4. Det skal vere studentrabatt på enkeltbillett til kollektivtransport.
  5. Periodebillett for studentar på kollektiv skal gje fri reise i heile fylket på lik linje med ungdomsbilletten. Dette skal ikkje finansierast gjennom å auke prisen. 
  6. Dersom gjeldande kollektivsoner (per 2024) blir splitta opp, skal studentbiletten framleis gjelde for dagens soner.
  7. Studentprisen på kollektivtransport skal ikkje vere meir enn 2,5% av studielånet studentene får utbetalt i måneden. Dette tilsvarer ca. det ein vaksenbillett kostar for med medianlønn i Noreg i 2024.
  8. I Bergen skal Bybanen og hovudlinjer ha avgang minst ein gong i timen heile døgnet.
  9. I region nord og sør skal kollektivtilbodet betrast slik at ein kan komme seg til og frå praksis og utelivet.
  10. Det skal vere reklame på kollektivtransport og inntektene skal gå til å kutte i bilettkostnader.

5.3 Mikromobilitet

  1. Bysykler eller liknande skal vere tilgjengeleg i nærleiken av alle utdanningsinstitusjoner og studentboligane til Sammen.
  2. Gyldig billett hos kollektivselskapa skal gi gratis opplåsing av bysykkel i 15 min til å fullføre siste etappe i kollektivreisa.

6. Studentfrivilligheit

6.1 Generelt

  1. Semesteravgiftsfordelinga skal avgjerast av Velferdstinget Vest
  2. Ein stor andel av semesteravgifta skal gå til å styrke studentfrivilligheita.
  3. Sammen og studieinstitusjonane skal promotere deltaking i studentorganisasjonar.
  4. Sammen skal i hovedsak ikkje utføre verksemder som kan virke konkurrerande mot studentfrivilligheita. I tilfelle der dette gjerast skal dei enten samarbeide med ein studentorganisasjon, eller tydeleg ha ei anna målgruppe.
  5. Verts- og fylkeskommunen har eit ansvar for å støtte studentorganisasjonar.
  6. Verts- og fylkeskommunen skal ha god dialog med studentfrivilligheita.
  7. Krav om kurs tilknyttet blant annet skjenking skal tilpasses studentorganisasjoners særegenheter.
  8. Studentorganisasjonar skal ha tilgang på kommunale- og fylkeskommunale støtteordningar retta mot idrett, frivilligheit, kultur o.l. Tilgangen på desse ordningane skal vere godt kommunisert mot studentmassen.

6.2 Areal

  1. Studentorganisasjonar skal ha god tilgang til lagringsplass.
  2. Studentorganisasjonar skal ha tilstrekkelege eigna lokale til å utføre aktiviteten sin.
  3. Studentorganisasjonar skal kunne bruke lokale på campus gratis.
  4. Studentorganisasjonar skal ha gratistilgang på kommunale lokale.
  5. Sammen skal sjå etter moglegheit for å bygge ny idrettshall i forbindelse med andre byggeprosjekt.
  6. Studentidretten skal ha prioritert tilgang på offentlege trengingsareal. Dei skal prioriterast etter barne- og ungdomsidretten, men før anna vaksenidrett.
  7. Studentfrivilligheita i Bergen skal ha sin eigen studentvilla.
  8. Studentorganisasjonar som er medlem av KS skal kunne bruke lokale ved alle studieinstitusjonar gratis.

6.3 Organisasjonsstøtte

  1. Sammen Studentliv skal ha ressursar til å kunne legge til rette for auka studentengasjement og bærekraftige studentorganisasjonar.
  2. Tilbodet til Sammen studentliv skal vere tilpassa ønska og behova til studentorganisasjonane når det gjeld til dømes format, innhald, tidspunkt. 
  3. Tilbodet til Sammen Studentliv skal vere godt kjend for studentorganisasjonane og studieinstitusjonane.

7. Karriereveiledning

  1. Sammen Karriere skal ha god kjennskap til utdanningsløp for Universitet, Høgskule og Fagskule.
  2. Ventetida for time hos karriereveiledning skal ikkje vere lengre enn ei veke.

8. Barnehage

  1. Barnehagetilbodet til Sammen skal vere tilpassa kvardagen til studentar.
  2. Sammen Barnehage skal halde fram med Eksamensgaranti.
  3. Sammen Barnehage skal halde fram med fleksible åpningstider
  4. Sammen Barnehage skal ha kapasitet til å dekke behovet til studentmassen.
  5. Vertskommunane skal gje tilskot til Sammen Barnehage ut over det statlege tilskotet.
  6. Sammen Barnehage skal velje berekraftig uteareal, møbler og inventar.

9. Trening

  1. Studentmedlemskap hos Sammen Trening skal gje tilgang på alle sentera.
  2. Sammen Trening skal ha pris som gjer det tilgjengeleg for alle studentar.
  3. Gruppetimar skal vere inkludert i studentmedlemskap hos Sammen Trening
  4. Studentidretten skal ha tilgang på tilstrekkeleg og praktisk areal til lagring av utstyr.
  5. Studentidrettsrådet skal som hovudregel disponere treningshallane til Sammen etter kl.14.00 på kvardag og heile laurdag og søndag.
  6. Sammen Trening skal tilby gratis inngang til opptak/tryout for studentidretten.
  7. Lokasjonene til Sammen Trening skal ligge i nærleiken av utdanningsinstitusjonane og/eller studentboligar. 
  8. Treningstilbodet til Sammen skal vere tilgjengeleg for studentar med nedsett funksjonsevne.Inngang til treningssenteret skal vere gratis for ledsager.
  9. Sammen Trening skal ha PT-er med kompetanse på tilrettelagt trening for studentar med nedsett funksjonsevne.
  10. Sammen Trening skal ha tilgjengeleg informasjon på nettsida om fasislitetar og grunnleggjande opplæring for å sikre sunn og sikker trening. Eksistensen av denne nettsida skal informerast om ved innmelding og ved alle lokasjonar.

10. Mat og drikke

  1. Det skal vere lett å velje vegetarmat hos Sammen Mat og Drikke.
  2. Sammen Mat og Drikke skal CO2-merke all mat.
  3. Sammen Mat og Drikke skal arbeide aktivt for bærekraft. Til dømes gjennom å minke matsvinn og bruk av eingongsartiklar.
  4. Sammen Mat og Drikke skal gjennom meir bruk av sjølvbetening skape utvida åpningstider ved sine lokasjonar.
  5. Sammen Mat og Drikke skal halde fram med 2 for 1 tilbod på middag.
  6. Sammen Mat og Drikke skal ha makspris på 10 kroner for kaffi med medbrakt kopp.
  7. Sammen Mat og Drikke skal merke allergener på både norsk og engelsk.
  8. Sammen Mat og Drikke skal sette ned prisen på restemat ved slutten av dagen for å unngå matsvinn. Restemat som kan seljast dagen etter skal seljast til rabattert pris.
  9. Institusjonane skal sikre at Sammen Mat og Drikke har eigna lokale til sine kafeer.
  10. Sammen Mat og Drikke skal ha fullverdige alternativ som tek omsyn til vanlege allergiar og livssyn.
  11. Det skal vere enkelt for studentar å kildesortere ved kafeene til Sammen Mat og Drikke. Gjenvinningsstasjonar skal vere tilgjengeleg mot slutten av eller etter opningstida til kafeen.
  12. Sammen Mat og Drikke skal nytte minst mogleg eingongprodukt. Der desse nyttast skal dei
  13. vere biologisk nedbrytbare eller resirkulerbare.
  14. Sjølvbetening av kaffi skal vere tilgjengeleg utanfor opningstidene til kafeene.
  15. Sammen Catering skal marknadsførast mot studentorganisasjonar. Studentorganisasjonar skal ha rabatterte prisar hos Sammen Catering.
  16. Sammen Mat og Drikke skal rådføre seg med Velferdstinget Vest før nedlegging av lokasjonar.

11. Sammen-hytta

  1. Sammen skal ha ei studenthytte som er tilgjengeleg for alle semesterregistrerte studentar.
  2. Moglegheita for å leige hytta eller rom i hytta som studentorganisasjon eller som enkeltstudentar skal vere godt informert om på alle utdanningsinstitusjonane.
  3. Nøkkel til Sammen-hytta skal vere tilgjengeleg i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
  4. Tilsette i Sammen skal kunne leige hytta dersom den enda er ledig mindre enn 30 dagar før utleigetidspunktet. Tilsette skal betale meir for leiga enn studentar.
  5. Eksterne skal i særskilte tilfelle kunne leige heile hytta. Dette skal ikkje gå på bekostning av tidspunkt der studentar ønskjer å nytte hytta.