Meld inn sak til Velferdstinget vest
Alle studentar som har betalt semesteravgift til Sammen kan melde saker til behandling i Velferdstinget Vest. Saker som ønskast behandla må meldast inn til arbeidsutvalet seinast 10 dagar før møtet. Dersom du har spørmål til innsending av saker eller generelt om Velferdstinget Vest kan du kontakte arbeidsutvalet på post@vtvest.no eller stikke innom kontoret vårt i etasje 2+ på studentsenteret (Parkveien 1)
Det er ulike typer saker som kan sendast inn: orieneteringsak, diskusjonssak, vedtaksak, resolusjon, endring i styringsdokument og generellt innspel til tema. Under finn du informasjon om dei ulike sakstypane, korlei dei gjennomførast og når ein skal bruke dei. Dersom du er usikker på kva type sak som er best egna til ditt formål, ta kontakt med arbeidsutvalet.