Etiske retningslinjer for Velferdstinget Vest
1. Innleiing
Formålet med etiske retningslinjer er å skape ein god organisasjonskultur som gir omverda eit positivt inntrykk av Velferdstinget Vest (VT Vest) som organisasjon, og som gjer at alle tilknytt Velferdstinget Vest opplever det som ein god organisasjon som ein ønskjer å bidra til.
Dei etiske retningslinjene skal vere tilgjengeleg på nettsida til og i samband med påmelding til arrangement i regi av VT Vest. Alle som deltek på arrangement i regi av eller gjer arbeid på vegne av VT Vest forpliktar seg til å sette seg inn i dei etiske retningslinjene og følgje dei.
2. Retningslinjer
2.1 Trygge møteplassar og sosialt miljø
Arrangement i regi av VT Vest skal vere trygge møteplassar. Tillitsvalde og andre deltakere skal respektere kvarandre og bidra til eit godt miljø, uavhengig av posisjon og rolle. VT Vest skal vere ein inkluderande organisasjon for alle, der mobbing, diskriminering og rasisme ikkje skal finne stad. Valdeleg åtferd, seksuell trakassering, seksuellt overskridande åtferd og seksuelle overgrep aksepterast ikkje.
2.2 Politisk, val- og debattkultur
Møter og arrangement i regi av Velferdstinget Vest skal opplevast som trygge og inkluderande. Alle har eit ansvar for å skape eit debattklima der alle føler seg velkomne og ueinigheiter blir ytra på ein sakleg måte.Organisasjonen skal oppmuntre til meiningsmangfold og ha ein open og respektfull debattkultur. Hersketeknikkar, personangrep og anna dårleg debattkultur skal bli slått ned på. Dette gjeld både i offisielle ordskifter og i uformelle diskusjonar. Medlem av Arbeidsutvalet skal verelojale mot politikken til VT Vest, og skal ikkje motsette seg vedtatt politikk eller prinsipp i offentlege utspel. Dette gjeld også utspel som ikkje er gjort på vegne av VT Vest.
Det skal opplevast som trygt å stille til val i VT Vest. Alle personar som stiller til val skal bli behandla med respekt. Alle representantar, tillitsvalde, ansette og gjestar har ansvar for ryddig kommunikasjon i samband med valet. Kandidatar blir oppfordra til å framme kandidatur på ein positiv måte. Alle samtalar mellom kandidatar, eller potensielle kandidatar, og medlem av Arbeidsutvalet angående eit verv eller valprosessen er konfidensielle.
2.3 Alkohol og illegale rusmiddel
Ved enkelte anledningar kan det blir konsumert alkohol i samband med arrangement i regi av VT Vest. Alle deltakarar skal ha eit ansvarleg og bevisst forhald til alkohol på arrangement i regi av VT Vest. Det same gjeld som representant for VT Vest i eksterne samanhengar. Delegater og tillitsvalgte i VT Vest skal ikkje vere påverka av alkohol på møter i Velferdstinget Vest.
Press rundt alkohol skal ikkje finne stad. Alkohol skal ikkje vere i fokus på aktivitetar i regi av Velferdstinget Vest. Dersom ein deltakar verte overstadig berusa, skal vedkommande bli bortvist frå arrangementet.
Bruk av illegale rusmiddel er ikkje tillatt. Deltakarar som er påverka av illegale rusmiddel påarrangement i regi av VT Vest skal bli bortvist umiddelbart, og hendinga behandlast gjennom varslingssystemet til VT Vest.
2.4 Forventningar til tillitsvalde
Det er forventa at delegater og andre tillitsvalgte deltek på all relevant obligatorisk aktivitet. Det blir forventa også at ein deltek så mykje ein har moglegheit til på eventuelle andre arrangement i regi av Velferdstinget Vest.
Delegater og andre tillitsvalde skal gi beskjed i god tid om fråvær frå møter og arrangement der det er forventa at ein skal møte, slik at ein kan kalle inn vara der det er relevant, eller eventuelt flytte møtet ved behov. Dersom ein har meldt seg på, men ikkje kan delta likevel, er det forventa at ein gir beskjed så snart ein veit det.
Dersom ein må gå tidleg eller komme seint til eit møte, er det viktig at ein gir beskjed til den som arrangerer møtet. Det same gjeld dersom ein blir forsinka på veg til møtet.
2.5 Rolleforståing og habilitet
Delegater, andre tillitsvalde og tilsette skal vere bevisst på rollene og vervene sine med den tilhøyrande påverknadskraften. Tillit skal ikkje misbrukast internt i eller utanfor organisasjonen. For personar med fleire verv i/knytt til VT Vest er det forventa særskilt bevisstheit knytt til rolleforståing i verva. Alle som er involvert i avgjerdsprosessar som følgje av verv i/knytt til VT Vest skal ha ei god forståing av habilitet, gjere ei grundig vurdering av eigen habilitet der det er nødvendig og melde frå om inhabilitet eller mogleg innhabilitet der det er relevant.
2.6 Økonomisk forsvarlegheit
Alt arbeid skal utførast ærleg, redeleg og utan formål om personleg vinning. Det skal utvisast ansvarlegheit ved dei økonomiske midlene til organisasjonen. Alle tilsette og tillitsvalde plikter seg til å gjere seg kjend med dei til ei kvar tid gjeldande retningslinjene for økonomi og forvaltning tilknytt sitt arbeidsområde og verv.
3. Brot på retningslinjer
Dersom ein verte merksemd på åtferd som strider med retningslinjene skal det vere låg terskel for å melde i frå. Det gjeld både om ein sjølv, eller nokon andre opplever uønska åtferd. Dersom ein som tillitsvald er vitne til kritikkverdige forhald eller brot på retningslinjene er ein pliktig til å melde i frå.
Brot på etiske retningslinjer og varsling skal meldast frå til leiar av Velferdstinget Vest, eller tilorganisasjonskonsulentet. Brot på retningslinjer verte handsama av varslingskomiteen. Mandatet til Varslingsutvalet og sanksjonar ved brot på etiske retningslinjer er regulert i Varslingsreglementet.