Arbeidsprogram 2024-2025
Dette arbeidsprogrammet skildrar kva arbeidsutvalet i Velferdstinget Vest skal prioritere i den komande perioden. Eit arbeidsprogram er eit dokument som konkretiserer politikken som Velferdstinget Vest skal prioritere og arbeide for i løpet av den komande perioden. Målet med dette arbeidsprogrammet er at det skal innehalde informative og konkrete mål. Arbeidsprogrammet skal vere forståeleg for alle relevante aktørar, og det skal ikkje stride mot tidlegare vedteken politikk. Arbeidsprogrammet skil seg frå prinsipprogrammet og dei nye plattformene ved å ha punkt som er meir aktuelle og konkrete for denne perioden, slik at progresjon og gjennomslag tydelegare kan dokumenterast. Velferdstinget Vest sine prioriteringar for perioden 2024/2025.
- Bolig
- Studentboligar skal vere eit eige formål i plan og bygningslova.
- Velferdstinget Vest skal vere ei tydeleg stemme inn i det pågående arbeidet med den nye boligstrategien til Sammen.
- Tilskotssatsen for studentboligar skal settast til minst 40%.
- Det skal byggast ein ny idrettshall i Bergen i samband med nye studentboligar.
- Studentane skal tas hensyn til i planprosessen ved Dokken. Det skal settes av areal til studentboligar på Dokken.
2. Helse
- Samskipnadane skal få tillatelse til å ansette eigne fastlegar.
- VT Vest skal arbeide for å sette fokus på testing av kjønnsjukdommar og arbeide for ein aukning til Helsestasjon for Ungdom (HfU).
- Bergen Kommune skal oppretthalde tilskotet på 2 millionar til Sammen psykisk helse.
- Arbeide for å betre legetilbodet for studentar.
3. Studentkultur- og frivillighet
- VT Vest skal vere medarrangør for Studentlivskonferansen, og sikre at innhaldet treff studentorganisasjonane.
- Arbeide for å Utvide studentvillaen for å dekke behovet for møte- og lagringsareal.
4. Trening og idrett
- Vidareutvikling av SiR.
- Sikre meir halltid til studentidretten.
- Bygge samarbeid med idrettsrådet.
5. Mat og drikke
- Sammen mat og drikke skal gjennom meir bruk av sjølvbetening skape utvida åpningstider ved sine lokasjoner.
- Institusjonene må sikre at Sammen Mat og Drikke har egnede lokaler til sine kafeer.
6. Mobilitet
- Bysykkeltilbodet skal utvidast til Fantoft og Hatleberg.
- Oppretthalde og forbetre eit kollektivtilbud som er retta mot behova til studentane.
- Studentbilletter skal åpne for reising i heile fylket, på lik linje med ungdomsbiletten.
- Studentrabatt på enkeltbillett skal oppretthaldas
7. Organisatorisk arbeid
- Effektivisere den nye organisasjonsstrukturen til VT med tredje AU-medlem og tettare tilknytning til Kulturstyret.
- Opprette ein engelsk versjon av nettsida til VT Vest og Kulturstyret.
- Gjennomgå VT’s personal- og økonomiske ressurser for å kartlegge om VT Vest har det som er nødvendig for å drives effektivt.
- Utarbeide varslingsrutiner og betre dei etiske retningslinjene.
8. Politisk arbeid
- Følge opp arbeidet knytt til omstruktureringa av Sammen.
- Følge opp studentmeldinger, tema- og handlingsplaner i alle vertskommunene.
- Saman skal betre dei digitale tilboda sine, samt betre kommunikasjonen rundt dei.